Omset dine YouTube-videoar og få eit større internasjonalt publikum med hjelp frå dine vener -
- ved å bruke YouTube sin "Be om Omsetjing"-funksjon.
For å byrje, gå til Videobehandlaren, finn ein teksta video, -
- klikk på pila ved Rediger-knappen og vel "Undertekstar".
Klikk på "Be om omsetjing"-knappen.
Du kan velje eitt eller fleire språk du ynskjer hjelp med å omsetje.
Klikk "Neste" for å fortsetje.
Vel eit språk og klikk "Del".
Du kan no sende denne førespurnaden gjennom e-post til dine vener.
Klikk "Send invitasjonar" når du har skrive inn adressa.
Venen din vil få ein invitasjon på e-post.
Ei kopling i e-posten leier han til innhaldet ditt.
No kan venen din sjå igjennom og redigere det automatisk omsette utkastet.
Når han er ferdig, kan han klikke "Publiser til YouTube".
Du får ein e-post om at venen er ferdig.
Klikk på koplinga for å sjå dei oppdaterte omsetjingane.
Du kan klikke på det nyleg oppdaterte språksporet for å sjå endringane venen har gjort.
Klikk "Ferdig" når du har sett igjennom.
Klikk no "Godkjenn".
Og det er det! No er videoen din klar for eit globalt publikum.
Besøk YouTube Brukarstøtte for meir informasjon om denne funksjonen.